Kort om arbeidsgiver
Radiologisk avdeling har ca 300 flinke medarbeidarar og ei moderne utstyrspark. Avdelinga nyttar Sectra Pacs. Radiologane er delt i 7 legeseksjonar og det er 19 LIS i radiologi avdelinga. Vi jobbar tett opp mot våre kliniske samarbeidspartnarar med regelbundne demonstrasjonar og MDT møte. Arbeidsoppgåvene er varierte og
utfordrande og omfattar utgreiing og kontrollar av akutte og kroniske sjukdomar. Vi legg vekt på eit godt miljø på seksjonen, med fleksibilitet og eit godt samarbeid oss imellom for å løyse dei oppgåvene seksjonane har tildelt.

Vi har ledig ei fast stilling som overlege innan gastroradiologisk og onkologisk radiologi.

Avdelinga har eit aktivt forskingsmiljø, og det er gode moglegheiter for å drive eigen forskning for nye medarbeidarar. Senter for nukleærmedisin og PET er ei integrert eining i Radiologisk avdeling og det er eit tett samarbeid mellom nukleærmedisinar og
radiolog innan hybriddiagnostikk.


Arbeidsoppgåver
  • Seksjonsarbeid, tolking av undersøkingar i fagfeltet gastroradiologisk og onkologisk radiologi
    Ultralydsverksemd
  • Vaktarbeid, for tida i 16-delt generell bakvakt
  • Rettleing av dei LIS-legane som til ein kvar tid har teneste ved seksjonen

Kvalifikasjonar
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon og vere godkjend spesialist i radiologi
  • Erfaring og interesse for fagfeltet vil telje positivt for søknaden
  • Søkjar må ha gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer personar med ei positiv innstilling og fagleg engasjement
  • Gode evner til samarbeid og til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å prioritere for å gje pasientane best mogleg utgreiing og behandling

Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Kari Løhre Kuvås
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55972865
Arbeidssted
Radiologisk avdeling
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen