Etne kommune søker vikar for fastlege som skal ha eit års permisjon fra februar 2020.

Etne Kommune har 5 fastlegeheimlar fordelt på 6 legar og 2 legekontor. Praksisen har i dag registert ca 800 pasientar, og dei
fleste legane har ein har økonomisk samarbeidsavtale med kommunen. Avtalen om økonomisk samarbeid gjer at legen i bytte for
tilskot, mellom anna får tilgang til lokaler, datasystem og helsepersonell. Det er òg mogleg å inngå avtale om fastlønn i vikariatet.
Det har til nå vore god inntjening for lege i praksisen, og legen som i dag jobbar i heimelen har 4 kurative dagar og 1 kontordag.

Legepraksisen er lokalisert i helsesentra i Etne og Skånevik saman med dei andre legane og hjelpepersonal.(Sjukepleiarar og
helsesekretærar) Det er ei forholdsvis ung kollegagruppe med gjennomsnittsalder på ca 40 år. Søkjar inngår i samarbeid med dei
andre legane slik at praksis vert utøvd ved begge helsesentra. Ein praktiserer kollegial fråversordning.
5 av legane (mellom anna denne) inngår i legevaktssamarbeid med nabokommunen Vindafjord. Etne kommune forplikar seg til
1/3 av vaktene (ca 3 vakter per mnd) Det er praktisert fastlønn ved legvaktsamarbeid.

Etne kommune tilbyr:
-Eit velutstyr legekontor som er tilknytta norsk helsenett, har journalsystemet SystemX, og dyktige legar og hjelpepersonal.
-Tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike helse- og omsorgstenestene i kommunen.
-God fagleg oppfølging og veiledning for nytilsette og ved behov.
-Kollegial støtte
-Eit godt arbeidsmiljø

Arbeidsoppgåver
Fastlegeoppgåver

Kompetanse
- Søkerar må ha norsk autorisasjon som lege (ref Forskrift om rett til trygderefusjon mars 2017) og norskkunnskaper på et høgt
nivå. Søkerar som ikkje har skandinavisk bakgrunn, må dokumentere språknivået sitt. Kravet er nivå C (Bergenstesten).
- Søkerar må ha gjennomført norsk turnustjeneste, jf. nye kompetansekrav for leger i allmennpraksis.
- Førarkort kl B og disponering av bil ved behov i tenesta
- Erfaring frå fastlegepraksis er ønskeleg
- Kurs i akuttmedisin
- Ønskeleg med gjennomført "turnus-teneste" i sjukehus

Personlege eigenskapar
- God evne til samarbeid og kommunikasjon
- Gode norskkunnskaper og god samfunnskunnskap/-forståing
- Engasjement og interesse for allmennmedisin
- Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid

Annan informasjon
Krav om politiattest
Me ber og om at de opplyser om minimum 2 referansar av nyare dato.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.

Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000.
Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk
versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli
offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon
ikkje blir tatt til følgje
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Etne kommune
Etne helsesenter
Kontaktpersoner
Navn: Hilde Høyland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 472 86 539
E-post: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Navn: Elisabeth Gunleiksrud
Tittel: Kommunelege
Telefon: 53758126
E-post: elisabeth.gunleiksrud@etne.kommune.no
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: Fastlege, 80% vikar
Arbeidssted
Etne og Skånevik
Holmavegen 8
5590 ETNE