Kort om arbeidsgiver
Vi utvidar vår legestab og lyser ut ei fast 100% stilling frå 01.01.2020
Den medisinske kompetansen i avdelinga består i dag av ein fylkeslege og ein ass. fylkeslege.

Legestillinga er nyoppretta i embetet for å styrke det medisinske fagmiljøet i avdelinga.
 
Hovudarbeidsområde:
Stillinga vil primært ha oppgaver knytt til Fylkesmannens oppdrag frå Statens Helsetilsyn og Helsedirektoratet. Arbeidsområde er tilsyn med helsepersonell og helsetenester, sakshandsaming av klagesaker; herunder tvangsmedisinseringsklager , rådgjevning, behandling av førarkortsaker, kvalitetsutvikling samt etablering og vedlikehald av faglege nettverk. Det kan og bli aktuelt med kursaktivitet, undervisning og andre utviklingsretta oppgåver. Oppgåvene vil kreve nært samarbeid i legestaben og med andre faggrupper i avdelinga. Det må påreknast noko reiseverksemd i samband med tilsyn og evt. kurs/ møteaktivitetar.
Helseberedskap vil også kunne inngå i arbeidsområdet.

Arbeidsoppgåvene er varierte og medfører mykje kontakt med helse- og omsorgstenestene, og med sosiale tenester i NAV. Det er både sjølvstendig arbeid, tverrfagleg arbeid i grupper og prosjektarbeid. Fylkesmannen er registrert som utdanningsinstitusjon for spesialisering i samfunnsmedisin.

Krav til kvalifikasjonar:
Søkjarar må ha medisinsk embetseksamen og vere autorisert som lege. Vi søkjer etter lege med klinisk erfaring og god kjennskap til norsk helseteneste. For å supplere legekompetansen vi har i avdelinga pr i dag søkjer vi primært etter allmennlege, lege med kirurgisk kompetanse eller psykiater. Vi oppfordrar likevel alle interesserte til å søkje denne spennande stillinga.

Det vert elles lagt vekt på gode samarbeidsevner, initiativ, handlekraft, dømekraft og munnleg og skriftleg framstilling. Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk og den som vert tilsett må beherske begge målformer både skriftleg og munnleg.
Søkjarar må kunne sikkerheitsklarerast.

Vi kan tilby:
  • sjølvstendig arbeid med utviklande og faglege interessante oppgåver i eit triveleg miljø med gode moglegheiter for kompetanseutvikling.
  • godt tverrfagleg kompetansemiljø i samarbeid med juristar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar med fleire
  • løn som 0774 ass. fylkeslege med aktuell lønnsplassering i staten sitt lønsregulativ, fastsett etter erfaring og kvalifikasjonar.
  • fleksibel arbeidstid utan vakt
  • medlemskap og pensjonsordning i Statens pensjonskasse med gode forsikringsordningar. Frå løna vert trekt 2 % pensjonsinnskott til pensjonskassa.
Tilsettinga skjer etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første 6 månadene er prøvetid.

Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Nærare opplysningar:
  • Direktør Grete Teigland, grete.teigland@fylkesmannen.no  tlf. 71258520 / 99507632
  • Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen karin.muller.mikaelsen@fylkesmannen.n tlf 71258592 /41495351
Søknadsfrist 15.12.2019.
Du må søke elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til JobbNorge. Link til denne ligg på vår heimeside og på NAV sine sider. Vi ber om at attestar og vitnemål følgjer søknaden i PDF-format. Stillinga har still.nr. 1922.

Meir informasjon om Fylkesmannen i Møre og Romsdal finn du på www.fylkesmannen.no/mr.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om søkjar ber om anonymitet jf offentleglova § 25, 2. punktum.

Fylkesmannen er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Stillingskategori
Offentlig lege
Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Helse- og sosialavdelinga
Hjemmeside
Arbeidssted
Julsundvegen 9
6412 MOLDE
Søk på stillingen