Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 1 fast stilling for lege i spesialisering i medisinsk mikrobiologi frå 1. januar 2020. 

Ved Mikrobiologisk avdeling er det fem stillingar for LIS. Avdelinga tek imot eit rikhaldig assortement av prøver frå allmenn- og spesialisthelsetenesta. Den som vert tilsett får opplæring i dei ulike delar av faget, inklusiv laboratoriearbeid og medisinsk vurdering av prøvesvaret. Det vert forventa at kandiaten tar del i forskingsprosjekt ved Mikrobiologisk avdeling. Forskingstilhøva ved avdelinga er gode.

Den utlyste stillinga gjeld for spesialiteten medisinsk mikrobiologi og gir teneste som del av spesialiseringa i Medisinsk mikrobiologi. Stillinga inngår i vaktordning med vakt kvar 5. helg og på heilagdagar.

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i medisinsk mikrobiologi, ein viser for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidstakars hovudoppgåver vil vere knytt til diagnostikk og utforsking av bakterielle og virale infeksjonar.

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i medisinsk mikrobiologi 
  • Praktisk laboratorieerfaring og god kunnskap om mikrobielle agens er ønskjeleg. Mykje av aktiviteten ved avdelinga er utviklingsorientert, og det er derfor ønskjeleg at den som vert tilsett har tilstrekkeleg akademisk kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort
  • Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Elling Ulvestad
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55974616
Arbeidssted
Laboratorieklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen