Kort om arbeidsgiver

Nordfjord sjukehus er eitt av 3 sjukehus i Helse Førde.

Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har 4 overlegestillingar og 6 LIS1 i normal drift. Medisinsk sengepost dekkjer medisinsk akuttfunksjon for pasientar i Nordfjord-regionen i samarbeid med dei andre sjukehusa.

Seksjonen har ein sengepost med 18 sengar, derav 3 overvakingssenger. Seksjonen driftar også dagbehandling for dialyse og fleire ulike poliklinikkar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er knytt til poliklinisk verksemd, sengepostarbeid og vaktarbeid innan kardiologi og generell indremedisin
  • Må vere rettleiar for legar i spesialisering
  • Det er høg kompetanse innan feltet både hos legar og sjukepleiarar
  • Avdelinga har 4 stillingar for overlege som dekkjer dei ulike arbeidsoppgåvene

Kvalifikasjonar

  • Må ha godkjent norsk autorisasjon som lege med spesialisering i kardiologi og indremedisin 
  • Ha erfaring frå sengepost-, vakt- og poliklinisk arbeid
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til IT-systema DIPS og MEONA og kardiologisk utstyr frå Philips

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert
  • Vere lett å samarbeide med og trivast med tverrfagleg arbeid
  • Kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Støttande, aktivt og trygt arbeidsmiljø
  • Høve til å drive utvikling av "Pasientens helseteneste"
  • Nordfjordeid som ein god, familievennleg og kulturell plass med flott natur
  • Hjelp med å skaffe bustad,- oppgje i søknaden dersom det er ynskjeleg
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst og individuell avtale
  • Gode pensjonsordningar
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde
Kontaktperson
Navn: Hilde Manseth Bjørhovde
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 578 64 153
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisin legar NSH, Helse Førde
Sjukehusvegen 10
6770 Nordfjordeid