Vestre Slidre er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres og ein av dei 6 kommunene i regionen. Kommunen er 464 km2 stor og har omlag 2 150 innbyggjarar og nær like mange fjellhytter. Vi har ei  god skule ved kommunesenteret i Slidre og vi har full barnehagedekning. Kommunen har eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett. Vestre Slidre ligg vakkert til nær Jotunheimen. Det ligg svært godt til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Det er 22 km til bygdebyen Fagernes og god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16 som går gjennom kommunen.
 
 
Vestre Slidre kommune har ledig heimel som fastlege frå 01.03.20 ved Slidre legesenter. For tida er det 720 listepasienter, men listestørrelsen er tenkt opp til  950 . Kommunale oppgåver må påreknast med inntil 20% stilling, og per i dag er dette helsestasjons-og skulehelsetjeneste med 3 timar kvar veke.  Deltaking i vakt ved interkommunal legevaktsentral på Fagernes i 18-delt turnus høyrer til avtala.
 
Slidre legesenter er lokalisert på Slidretun som eit 3-legesenter og har i tillegg LIS 1. Kontorlokala er lyse og venlege med utsikt over Jotunheimen. Vi nyttar CGM journalsystem, har eigen lab, skadestue med moderne utstyr, nytt GU-rom og er i ein unik økonomisk situasjon for å kjøpe inn medisinsk-teknisk utstyr som til dømes ultralyd.
 
Krav til kompetanse:
norsk autorisasjon som lege
gjennomført norsk turnusteneste/LIS1
gode evner til samarbeid og samhandling
gode kommunikasjonsevner, herunder flytende norsk munnleg og skriftlig
søker bør ha førarkort
 
Ved tilsetting blir det lagt vekt på personlege eigenskaper og fagleg kompetanse. Godkjent politiattest er ein føresetnad.
 
Vi kan by på:
tilrettelagt oppstart som LIS3, spesialisering i allmennmedisin
moglegheit for fri ein dag i veka
fastløn for deltidstilling etter kommunale vilkår
eit velfungerande kontorfelleskap
gode kollegaer som begge er spesialistar i allmennmedisin med lang erfaring
dyktig hjelpepersonell som er tilsett i kommunen
ei god driftsavtale der kommunen står for utgifter ved kontoret mot at basistilskot og utjamningstilskot blir behalde .
fagleg variert og innhaldsrikt legearbeid i distrikts-Norge
 
Vi vil gjerne ha med nettopp deg på laget!
 
Andre vilkår:
Overdragelse av heimel i overeinskomst med praksisinnehavar.
 
 
 
Kontaktpersonar:
For nærare opplysningar om stillinga , ta kontakt med kommunalsjef Ragnhild Strømmen Strand på e-post ragnhild.strommen.strand@vestre-slidre.kommune.no tlf. 47 30 58 36 eller kommuneoverlege Siw Fosheim, e-post siw.fosheim@vestre-slidre.kommune.no , mobil tlf. 90 03 53 96 eller dagens heimelshaver Cecilie Oppedal, 61344790 (Slidre legesenter)
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vestre Slidre Kommune
Arbeidssted
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE