Kort om arbeidsgiver

Vi søkjer etter ein overlege som er spesialist i ortopedisk kirurgi.

Ved kirurgisk avdeling er det 5 overlegestillingar i ortopedisk kirurgi. Ein av
stillingane er no ledig. I tillegg er det 4 overlegar i generell kirurgi, 3 LIS-legar i ortopedi og 3 LIS-legar i generell kirurgi. Kirurgisk avdeling har gruppe II-utdanningsstatus i ortopedisk kirurgi. Vi kan tilby eit triveleg arbeidsmiljø og eit stabilt og dyktig personale.

Voss sjukehus har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt ein stor aktivitetsvekst og ønskjer å halde fram med den positive utviklinga. I strategiplan for Helse Bergen er det lagt opp til styrkjing av akuttfunksjonar og fødetilbod ved Voss sjukehus.

Voss har om lag 15.000 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og -aktivitetar både for born og vaksne, samt for ekstremsportutøvarar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod. Det er god kommunikasjon til Bergen/Flesland og austover til Oslo.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus

Tilsetjing etter avtale. 

Å bu og jobbe på Voss:  https://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/jobb-pa-voss/a-bu-pa-voss

Arbeidsoppgåver

  • Elektiv og akutt ortopedi. Det er ein fordel med erfaring innan protesekirurgi i hofte og kne
  • 5-delt bakvakt som ortoped 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan ortopedisk kirurgi
  • Du oppsøkjer og/eller har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner med dei rette ressursane til rett tid
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Vi kan hjelpe deg med å finne ein passande bustad
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Sjur Børsheim
Tittel: Seksjonsoverlege ortopedi
Telefon: 56 53 35 00
Navn: Christer Kvelvane
Tittel: Avd.overlege kir. avd.
Telefon: 56 53 35 00
Arbeidssted
Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss