Kort om arbeidsgiver

Haukeland universitetssjukehus, Klinikk sikkerheitspsykiatri har no ledig stilling som avdelingsoverlege. Det er 4 avdelingar ved Klinikk sikkerheitspsykiatri: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Fengselshelseteneste og Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. 

LS tar imot personar med alvorlege sinnslidingar og høg risiko for alvorleg valdeleg atferd overfor andre, eventuelt med tilleggsproblem som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk. LS skal gje eit tilbod til pasientar i Helse Bergen og har for tiden 8 sengeplassar.

Vår Klinikkoverlege går om ikkje lenge av med pensjon og i den forbindelse utlysast no ein nyoppretta stilling som avdelingsoverlege. Avdelingsoverlegen vil vere ein del av leiarteamet i klinikken. Vedkomande vil rapportere til Klinikkdirektør og det må påreknast å vere hennar stedfortredar. 

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for all behandling som vert gitt ved Lokal sikkerheitsavdeling.
  • Ansvar og myndigheit for beslutningar om inntak og pasientflyt i avdelinga.
  • Samarbeide tett og konferere om vesentlege avgjerder om inntak og drift med seksjonsleiar Lokal sikkerheitsavdeling.
  • Avdelingsoverlege skal i samarbeid med leiargruppa, vere pådrivar for klinisk arbeid av høg fagleg standard og fagutvikling.
  • Stillinga er og knytt til klinisk verksemd med utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar og risiko for vald.
  • Gi rettleiing til øvrig personell og delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken.
  • Utstrakt samarbeid med dei andre klinikkane i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primær helsetjenesten og kommunale botilbud i Helse Bergens opptaksområde. 
  • Det kan bli aktuelt å også påta seg behandlingsansvar for pasientar ved andre avdelingar i klinikken og vere stedfortredar for avdelingsoverlegen ved Regional sikkerheitsavdeling (RSA) ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embedseksamen med spesialitet innan psykiatri.
  • Norsk autorisasjon.
  • Erfaring frå Sikkerheitspsykiatri og akutt psykiatri vil bli lagt vekt på.
  • Interesse for rettspsykiatri
  • Interesse for rehabilitering.          

Personlege eigenskapar

  • Evne til å kombinere god leiing med høgt fagleg fokus.
  • Evne til å sjå og tenkje heilskap.
  • God gjennomføringsevne.
  • Inkluderande samarbeidsstil.
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Kan trivast med å arbeide i team med ein krevjande pasientgruppe.          

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir gode utviklingsmoglegheitar for den rette person.
  • Gode høve til deltaking i interne og eksterne kurs/ konferansar.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Frøydis Haugan
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 908 25 279/ 55 95 83 32
E-post: froydis.haugan@helse-bergen.no
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern / Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen
sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillingen