Kort om arbeidsgiver
Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå 01. januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er nye Ålesund kommune eit spennande alternativ.
100 % stilling, vikariat ledig for tiltreding 01.03.20, eventuelt tidlegare etter avtale. Siste arbeidsdag for vikariat 01.03.202. Det kan vere aktuelt å forlenge.
Avdelinga held til på Ålesund lokalmedisinske senter rett ved sida av Ålesund sjukehus. ØHD- avdelinga tek imot ferdig avklarte pasientar frå fastlege, legevakt og akuttmottak. Avdelinga er eit interkommunalt tilbod.
Stillinga er i kombinasjon med andre kommunale legetenester og inneber arbeid på daglegevakt og sjukeheim i tillegg til ØHD. Ein kan tilpasse stillinga noko ut i frå interessefelt. Stillinga inneber deltaking i beredskapsvaktordning.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er blant anna:
- Vurdere mottak av pasientar etter henvisning frå fastlege, legevaktslege og legar ved akuttmottaket ved Ålesund sjukehus.
- Inn- og utskriving samt klinisk legearbeid i høve til pasientar med gjennomsnittleg liggetid på 3 dagar.
- Sjukeheimslege, eventuelt anna arbeid etter avtale.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- God kunnskap om norsk lovverk.
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid i avdelinga med fokus på pasientsikkerhet.
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Evne til å jobbe i team.
- Personleg eignatheit for stillinga vil bli lagt stor vekt på.