Kort om arbeidsgiver

Avdeling for patologi er ein av Laboratorieklinikkens fem store avdelingar og er ei stor og velutrusta avdeling som gjer eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, autopsi, elektronmikroskopi, nevropatologi og molekylærpatologi. Avdelinga har stor forskingsverksemd i samarbeid med Universitetet i Bergen og andre einingar i sjukehuset, mellom anna Biobank Haukeland.

Avdelinga har i overkant av 100 tilsette derav 11 LIS-stillingar og 24 overlegestillingar. Vi tar årlig imot 110 000 prøver (derav ca 50 000 biopsier) og utfører om lag 300 obduksjonar. Vi har mange fagpersonar som jobbar tett saman og har stort fokus på kvalitet og pasienttryggleik.

Fagområdet patologi vil i åra som kjem gjennomgå store endringar med innføring av ny teknologi. Digitalisering vil føre til endringar i arbeidsflyt og arbeidsprosessar og ein vil leggje til rette for bruk av kunstig intelligens. Molekylære analysar aukar og det pågår for tida eit prosjekt for samordning av kreftgenomikk i Laboratorieklinikken. 

Vi har no ledig ei fast stilling som overlege ved avdelinga og ønskjer å tilsetje snarast. Vi kan tilby gode arbeidsforhold og spennande utfordringar. Innføring av digital patologi vil føre til endring i måten vi arbeidar på og det er forventa at den som vert tilsett bidrar til å støtte denne prosessen.

Overlegane er delt inn i forskjellige faggrupper, og den tilsette vil bli knytt til faggrupper relatert til eigen kompetanse og avdelinga sitt behov. Her er gode moglegheiter for forsking og utviklingsarbeid, og erfaring frå forsking vil bli vektlagt.

Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar og evne til å samarbeide bli særleg lagt vekt på. Arbeidstid måndag - fredag 08.00 - 16.00. I tillegg kjem ein evt. UTA-avtale med 11,5 timar pr. veke.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som lege i Noreg
  • Spesialist i patologi
  • Dokumentert forskingserfaring vil bli lagt vekt på
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Resultat av godkjend tuberkulinprøve, ikkje eldre enn tre månader, må leggjast fram ved tilsetjing
  • Hepatittvaksine er eit krav

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Anna Elisabeth Thunstrøm
Tittel: Ass. avdelingssjef
Telefon: 55973214
Navn: Lisbeth Sviland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 55973175
Arbeidssted
Avdeling for patologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen