Kort om arbeidsgiver
Avdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling som gjer eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, autopsi, elektronmikroskopi, nyrepatologi, nevropatologi, oralpatologi og molekylærpatologi. Avdelinga har pr. i dag 23 overlegestillingar og 11 LIS-stillingar.

Vi har no ledige vikariat og ønskjer å tilsetje snarast til stilling som Lege i spesialisering i patologi. Vikariata er på 12 månadar med stor moglegheit for forlenging. 

Patologi er ei kjerneverksemd innanfor diagnostikk av kreft og anna sjukdom. Faget er i rask utvikling og omfattar heile spekteret frå klassiske mikroskopiteknikkar til molekylære analysar. Avdelinga har omfattande diagnostiske funksjonar innanfor biopsi, cytologi, autopsi, nevropatologi og molekylærpatologi. Kandidaten vil få ein overlege som rettleiar i spesialistutdanninga i patologi.

Avdelinga er framtidsretta og satsar på å ta i bruk nye metodar innan molekylær patologi og digital patologi som vil endre måten ein arbeider på innnanfor faget i åra framover.

Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar og evne til å samarbeide bli særleg lagt vekt på.

Arbeidsoppgåver

  • Den som blir tilsett skal delta i det diagnostiske arbeidet med biopsiar, cytologiske prøvar og obduksjonar i rotasjon med dei andre spesialistkandidatane
  • Arbeidstida er p.t. måndag til fredag 0800-1600

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i patologi.  
  • Patologifaget krev solid kunnskap innanfor dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi. 
  • Erfaring frå klinisk verksemd kan vere nyttig.
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring frå patologifaget og relevant forskingserfaring.
  • Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk eller skandinavisk språk, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Stillinga passar for ein lege som har som mål å utvikle høg fagleg kompetanse.

Den som blir tilsett må vise:

  • Gode samarbeidsevner
  • Stor vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap
  • Evne til å arbeide ansvarleg, nøyaktig, effektivt og etterretteleg

Vi tilbyr

  • Ein personleg rettleiar og deltaking i avdelinga sitt regulære utdanningsprogram
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Anna Elisabeth Thunstrøm
Tittel: Konstituert Ass. avdelingssjef
Telefon: 55973214
E-post: elisabeth.thunstrom@helse-bergen.no
Arbeidssted
Avdeling for patologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen