Kort om arbeidsgiver

Haukeland universitetssjukehus, Klinikk sikkerheitspsykiatri har no ein ledig stilling som overlege.

Det er 4 seksjonar ved Klinikk Sikkerheitspsykiatri. Regional sikkerheitspost (RSA), Lokal sikkerheitspost (LSA), Seksjon for fengselshelseteneste og Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri.

Sengepostane RSA og LSA tek imot personar med alvorlege sinnslidingar og stor risiko for alvorleg valdeleg atferd overfor andre, eventuelt med tilleggsproblem som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk.
RSA skal gje eit tilbod til pasientar i Helseregion Vest. Seksjonens primære oppgåve er å ta hand om pasientar som er for ressurskrevjande for dei lokale sikkerheitseiningane i regionen.
LSA har ein tilsvarande funksjon men er føretaksdekkjande.

Judisielle døgnobservasjonar på oppdrag frå retten er og ei viktig oppgåve for klinikken.
Stillinga vert ein kombinasjonsstilling knytta opp til både sengepostane og Kompetansesenteret.  

Arbeidsoppgåver

      Sengepostane 

  •  Utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar.
  • Ansvar for vedtak etter psykisk helsevernloven.
  • Gjere utgreiing av risko for vald.
  • Gi rettleiing til øvrig personell og delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken.
  • Undervising og rettleiing til kommunale helsetenester og øvrig spesialisthelseteneste.
  • Arbeidsoppgåver tilknytta rettspsykiatriske døgnobservasjonar.
  • Det kan bli aktuelt å ta oppgåver i poliklinkk ved behov

    Kompetansesentret
  •  Deltaking i forskings- og/ eller fagutviklingsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embedseksamen med spesialitet innen psykiatri eller i sluttfasen av spesialistutdanning.
  • Forskningserfaring, gjerne Ph.d.
  • Interesse for fagutvikling og forsking.
  • Interesse for rettspsykiatriske emne.
  • Norsk autorisasjon.
  • God formidlingsevne.

    Utdanningsretning      
    Medisin

    Utdanningsnivå   
    Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar

  • Inkluderande samarbeidsstil
  • Evne til å inspirere medarbeidarar
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Kan trivast med å arbeide i team med ei krevjande pasientgruppe

Vi tilbyr

Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir gode utviklingsmoglegheiter for den rette person.
Gode høve til deltaking i interne og eksterne kurs/konferanser 

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Frøydis Haugan
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55958332
E-post: froh@helse-bergen.no
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern / Klinikk for sikkerhetspsykiatri
Sandviksleitet 1
5036 BERGEN
Søk på stillingen