Kort om arbeidsgiver
NAV fylkeskontor Vestland søker koordinerande rådgivande overlege (KROL) til 100 % fast stilling. Fylkeskontoret har ca. 50 tilsette.

NAV Vestland er organisert i ni regionar. Det er tilsett rådgivande overlegar i regionane. Tenesta omfattar i dag 8 legar fordelt på ca. 4,2 årsverk. Alle rådgivande overlegar skal vere knytt til ein KROL. Deira viktigaste oppgåve er å medverke til aktivitet og arbeid. Den rådgivande legetenesta i NAV ønsker også å fremme godt samarbeid med fastlegar og resten av helsevesenet.

Vi ønsker ein lege med engasjement og interesse for samfunnsmedisinske spørsmål og for NAV som samfunnsaktør. Den rådgivande legetenesta arbeider etter ein strategi som skal medvirke til at flest mogleg kjem i arbeid og aktivitet. Dette gir spanande utfordringar innafor NAV sine visjonar og mål.

Arbeidsoppgåver
  • Vere ein brubyggar mellom NAV og helsevesenet
  • Sikre at den rådgivande legetenesta vert utført i samsvar med styringssignal og ivaretar sentrale føringar
  • Vere bindeledd og fagleg koordinator for dei rådgivande legane
  • Medvirke til heilskapleg praksis og konsensus blant dei rådgivande legane og sjå dette i samanheng med praksis i dei øvrige resultatområda
  • Medvirke til systematisk kvalitetsutvikling av den rådgivande legetenesta
  • Fagleg ansvar for rettleiing av dei rådgivande legane
  • Vere medisinsk ressursperson for rådgivarar og andre medarbeidarar i NAV gjennom råd og rettleiing i enkeltsaker, møtedeltaking, kompetanseheving o.a.
  • Syte for nødvendig og hensiktsmessig opplæring av dei rådgivande legane
  • Ivareta implementering av sentrale føringar og satsingar på fagområdet
  • Syte for utadretta samhandling og opplæring lokalt
  • Der KROL-funksjonen ikkje fyller heile arbeidstida, utfører KROL oppgåver som rådgivande lege
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Brei medisinsk kompetanse
  • Vi ønsker at du har:
    • bakgrunn som fastlege, og/eller anna bakgrunn som eksempelvis arbeidsmedisin, samfunnsmedisin, fysikalsk medisin eller psykiatri
    • kunnskap om om NAV si rolle som samfunnsaktør
Personlege eigenskapar
  • Engasjement for det samfunnsmedisinske fagfeltet
  • Særdeles gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
  • God evne til:
    • å samarbeide
    • å arbeide strukturert, målretta og effektivt
Vi tilbyr
  • Krevande, spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Deltaking i landsdekkande nettverk for rådgivande legar i NAV
  • Løn etter avtale som rådgivande overlege, stillingskode 1250, lønsspenn frå kr. 731 400 – 922 300. Høgare avløning kan vurderast for særleg kvalifiserte kandidatar
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2 %)
  • Moglegheit for fagleg utvikling gjennom utdanningspermisjon med løn, jf. særavtale om arbeidsvilkår for rådgivande legar i NAV
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
NAV
Kontaktperson
Navn: Frode Storvik
Tittel: leiar avdeling for tenesteutvikling
Telefon: 917 50 277
E-post: frode.storvik@nav.no
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: 4152823118
Arbeidssted
NAV fylkeskontor Vestland
C. Sundsgate 29
5004 BERGEN