Kort om arbeidsgiver
Seksjon barn er ein del av medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet.
Barneseksjon har fast 100 % stilling som LIS - ledig frå 06.01.2020.

Vi har for tida 8 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering. Barn sengeeining har 10 senger for barn 0-18 år og nyfødtintensiv eining har 8 senger for sjuke nyfødde og premature frå 29 veker. Helse Fonna har nyleg starta arbeidet med å bygge ut Haugesund sjukehus med 18 000 m2. Planen er at nyfødtintensiv skal få modernisert sine lokalar innan 2021. Vi dekkjer også sjukehuset si barnehabiliteringsteneste.
Vi har godt samarbeid med universitetssjukehusa i Bergen og Stavanger. Seksjonen deltar i desentral undervising av medisinarstudentar frå Universitetet i Bergen. Gruppe 1 vidareutdanning vil skje ved henholdsvis Haukeland Universitetssjukehus og Stavanger Universitetssjukehus etter nærare avtale.

Velkommen til Haugesund!
Haugesund er ein by der du kan oppleve noko av det beste Noreg har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.
Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund er ein by med mange opplevingar på menyen.
Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane. Bergen når du på ca 3 timar, medan Stavanger bare er 1,5 time unna. Haugesund / Karmøy har eiga lufthamn med fly til nasjonale og internasjonale destinasjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
  • Delta i utgreiing og behandling
  • Deltaking i undervisning
  • LIS-legane går i 7-delt tenesteplan, med aktive vakter

Kvalifikasjonar

  • Søkeren må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarende
  • Norsk autorisasjon
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg.
  • Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd.

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Må trivst med teamarbeid
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Fleksibel og arbeidssam
  • At søkjaren er personleg eigna og har gode samarbeidsevner vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Tove Elise Johansen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 52732345
Hjemmeside
Arbeidssted
Barne Seksjon, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Mer om arbeidsgiver

I Helse Fonna får du ein spennande arbeidskvardag med givande oppgåver. I Helse Fonna er vi meir enn...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image