Kort om arbeidsgiver

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, og er eit av dei største sjukehuslaboratoria i landet. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet innan klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi, og gir beslutningsstøtte i form av analyseresultat og råd til primær- og spesialisthelsetenesta.

Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest ved avdelinga er godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi.  

Seksjonen har tilsatt 6 overlegar, 1 overlege i bistilling med hovudstilling på Universitetet i Bergen (UiB), og 3 legar i spesialisering (LIS). Fleire av overlegane i seksjonen har bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i føretaket, og ein av overlegane er leiar for begge oppgåver. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i RELIS Vest, og ein av overlegane er mellombels leiar for RELIS Vest si verksemnd.

Det er ledig 1 vikariat av eitt års varigheit med mogleg forlenging. Stillinga er ledig frå 1. desember 2019.   

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg medansvar for klinisk farmakologiske analysar ved MBF:
    - Vurdere nytteverdi av farmakologiske analysar og deira preanalytiske og analytiske kvalitet
    - Tolke analyseresultat som ledd i individretta medikamentell behandling
    - Bidra til vidareutvikling av analysetilbodet i samarbeid med relevante kliniske miljø

  • Fagleg medansvar for anna arbeid knytt til klinisk farmakologi ved MBF:
    - Rådgi helsepersonell i bruk av legemiddel i anledning effekt og biverknader
    - Formidle farmakologisk kunnskap
    - Delta i KUPP-Kunnskapsbaserte oppdateringsvisitter
    - Delta i RELIS Vest sitt arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon
    - Delta i RELIS Vest sitt arbeid med biverknader
    - Delta i arbeid i legemiddelkomiteen
    - Delta i vaktordning måndag til fredag frå kl. 0800 - 1600  

Den som blir tilsett vil få moglegheit til å delta i prosjekt knytt til vårt fagområde. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Erfaring frå arbeid i eit laboratorium og/eller klinisk erfaring, fortrinnsvis innan allmennmedisin, indremedisinske fag, psykiatri eller rusmedisin vil vere ein fordel
  • Erfaring med forsking og undervising vil vere ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne innan norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Du må:
    - ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
    - vere motivert for fagleg utvikling og forsking, samt undervising
    - ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • God opplæring
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Tid til fagleg utvikling
  • Lønn etter gjeldande overeinskoms
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Bettina Riedel
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55973073
E-post: bettina.marie.riedel@helse-bergen.no
Arbeidssted
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen