Kort om arbeidsgiver

Det er frå januar 2020 ledig 3 måneders vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi.

Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer mellom anna Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet
i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for
ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi,
protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. Sjukehuset har
sengepost med 28 senger, og 4 operasjonsstover. Vikariatet er teneste ved Kysthospitalet i Hagevik. Avdelinga er tilknytta Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisinga av medisinarstundentar. Legane må derfor delta i undervising etter nærmare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS 3 må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i ortopedisk kirurgi
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Beslutningsdyktig
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Kari Indrekvam
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56565800
Arbeidssted
Ortopedisk klinikk/ Kysthospitalet i Hagevik, Helse Bergen
Hagaviksbakken 25
5217 Hagavik