Kort om arbeidsgiver

Voss sjukehus har ledig stilling som avdelingsoverlege innan radiologi.

Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med traumefunksjon. Vi har full
akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi, og gode støttetenester
innanfor radiologi, fysioterapiavdeling, rehabiliteringsteam og laboratorium
med blodbank. Det er 430 tilsette på sjukehuset.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF, og har tett fagleg samarbeid med
avdelingane på Haukeland Universitetssjukehus. Det gjev unike moglegheiter for
fagleg utvikling og samhandling. Sjukehuset har godkjenning som
utdanningsinstitusjon innan radiologi. Det er mogleg å få ei delt løysing med
arbeid både på Voss og Haukeland. Det vil avhenge av interesse og kompetanse
til søkjaren.

Tilsetjing frå 01.01.2020 eller etter avtale med leiar.

Dersom ein ikkje ynskjer avd.overlegestillinga, er det også mulig å søkje
stillinga som ei overlegestilling. 

Synest du dette er freistande?
Nøl ikkje – ta kontak via e-post eller telefon. Vi kan tilby deg reise og opphald om du ynskjer
å kome på synfaring på sjukehuset vårt.

Arbeidsoppgåver

  • Legeleiar som del av avdelingsoverlegekollegium ved Voss sjukehus
  • Arbeide tett saman med direktør og dei øvrige avdelingsoverlegane i saker som angår heile sjukehuset
  • Du er arbeidsgjevarrepresentant og balanserer dette klokt mot dine kollegaer
  • Du har overordna ansvar for pasientbehandlinga i di avdeling
  • Du har ansvar for at fag og kompetanse har rett nivå
  • Du jobbar aktivt for fagleg utvikling av heile avdelinga
  • Du bidrar med råd og innspel til direktør innan radiologifaget
  • Personal- og budsjettansvar
  • Ansvar for god pasientflyt og produktivitet

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i radiologi
  • Norsk autorisasjon
  • God erfaring innan radiologi og stor interesse for å halde deg oppdatert
  • God prosedyrekunnskap og -forståing
  • Det er ønskjeleg med invasiv kompetanse (CT/UL drenasjar osv).
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
  • Økonomi- og budsjettforståing
  • Innsikt i kva som skapar god drift i eigen avdeling

Personlege eigenskapar

  • Du er interessert i å utvikle og utøve godt leiarskap
  • Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
  • Du blir motivert av at andre lukkast
  • Du jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert
  • Du er god på tverrfagleg samarbeid
  • Du er tydeleg i di formidling
  • Du er opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø og opptrer samlande for dine medarbeidarar

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø. Hjå oss helsar vi på kvarandre i gangane og har ein kantinekultur vi er stolte av
  • Vi har rå alpinløyper i Bavallen og Myrkdalen, Vestlandet sitt beste skiterreng, fantastiske langrennsløyper, Ekstremsportveko, VossCup og Vossajazz for å nemne noko
  • Vi har ein sterk identitet som ei av Noregs mest kjende kutlurbygder, og vi tar vel i mot nye innbyggjarar
  • Vi ønskjer å hjelpe til med å skaffe arbeid også for partnaren din og deltar for at heile familen din skal få det bra på Voss
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi kan hjelpe deg med å finne ein passande bustad
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Borghild Strønen
Tittel: Leiar
Telefon: 56 53 37 92
Arbeidssted
Voss sjukehus/ Voss røntgenavdeling, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss