Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken er lokalisert på Sandviken sjukehus og Haukelandsområdet. Klinikken er delt inn i seks avdelingar; Stemningslidingar, Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Spesialisert psykosebehandling (ASP), Alderspsykiatri, Spiseforstyrringar og Psykosomatikk. Avdeling Stemningslidingar er lokalisert ved Sandviken Sjukehus.

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Dei fleste pasientane blir overførte til døgnseksjonane ved Avdeling Stemningslidingar frå Psykiatrisk akuttmottak (PAM). Døgnseksjonane er godkjende for tvungent psykisk helsevern etter psykisk helsevernlova.

Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar i tillegg til ein spesialisert poliklinikk. Avdelinga gir gode vilkår for forsking i samarbeid med Forskingseininga.


Vi har no ledig fast 100 % stilling som overlege, spesialist i psykiatri. Stillinga er ledig, tiltredelse etter avtale.
 
Seksjonane tilbyr mellom anna:
*  Medikamentell behandling
*  Samtaleterapi
*  Psykoterapi/ kognitiv terapi
*  Kronoterapi
*  Miljøterapi
*  Aktivitetsterapi
*  Nevrostimulering (TMS)  

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av pasientar med hovedsakleg affektive lidingar
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Utvikling av det faglege tilbodet ved avdelinga
  • Rettleiingsansvar    

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Må kunne vurdere og fatte vedtak om bruk av tvang
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg svært godt

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du er fleksibel
  • Du tåler å stå i krevjande situasjonar
  • Du kommuniserer godt med andre
  • Du er opptatt av samarbeid og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå
  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande, utfordrande og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fordjuping, forsking og deltaking i prosjekt
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Knut Olaf Skårdalsmo
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55958774
E-post: knut.olaf.skardalsmo@helse-bergen.no
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern/ Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
Sandviksleitet 1
5036 Bergen