Kort om arbeidsgiver

 Odda sjukehus er lokalsjukehus for Indre Hardanger omegn og dekkjer eit befolkningsgrunnlag på
rundt 12000. Odda sjukehus har medisinsk- og kirurgisk akuttberedskap. Vi har
eit godt tilbod til pasientar med akuttmedisinske tilstandar. Stabilisering av
skadde pasientar før overflytting til større sjukehus. Odda sjukehus har
akuttmottak,operasjon, anestesi, overvåking og sengepostar. Alle typar
pasientar blir tatt i mot og vurdert for vidare behandling. Vi har godt etablert
kirurgisk og medisinsk poliklinikk, dagbehandling, dagkirurgi, laboratoriet og
røntgenavdeling. 

Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt. Ein kan nemne turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata. Alpinanlegg, flotte skiløyper på vinterstid og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival og blueshelg.

Velkommen til Odda! Les meir om
vakre Hardanger på hardangerfjord.comhttps://www.hardangerfjord.com/odda

Odda sjukehus ynskjer å tilby fast overlegestilling til motivert og positiv anestesiolog.
Anestesiavdeling Odda sjukehus er organisert under Helse Fonna Haugesund sjukehus. Vi har eit høgt tverrfagleg nivå.

 

Helse Fonna søkjer ein spesialist med brei erfaring innan anestesi. Arbeidsplan med intensivt arbeid ein periode som består av både aktiv og passiv teneste, etterfølgt av ein periode
med lengre fritid, gir muligheit for eit annleis liv og arbeidsliv. Arbeidstidsordninga krev ei stor grad av sjølvstendigheit og beslutningsevne.

  • Ber om at de legg ved kopi av relevant utdanning og attestar i søknaden.
  • Oppgje tre referansar, der ein skal være siste arbeidsgiver
 

Arbeidsoppgåver

  • Allsidige arbeidsoppgåver knytt til akutt og elektiv verksemd.
  • Supervisjon/vegleiing og undervisning av LIS 1, medisinstudentar og andre profesjonar

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon og beherske eit skandinavisk språk både skriftlig og munnleg
  • Den som blir tilsett, må om nødvendig, delta i undervisning av leger i spesialisering
  • Personleg eigna blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til både samarbeid og sjølvstendigjobbing
  • Faglig interesse og engasjement for spesialiteten
  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Personlig eigna, herunder ansvarsfølelse, gode samarbeidsevner og pasientomsorg, vil bli vektlagt.
  • ​Stor arbeidskapasitet.

Vi tilbyr

  • Totallønn i henhold til individuell avtale
  • Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar tid framgår av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
  • Det er pliktig medlemskap i pensjonsordning
  • Om ein treng hybel/leilighet, så kan sjukehuset være behjelpleg
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Kari Marie Tjelmeland
Tittel: Seksjonsleiar Somatikk Odda
Telefon: 53651120
Hjemmeside
Arbeidssted
Seksjon somatikk Odda, Helse Fonna HF
Sjukehusvegen 1
5750 Odda
Mer om arbeidsgiver

I Helse Fonna får du ein spennande arbeidskvardag med givande oppgåver. I Helse Fonna er vi meir enn...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image