Kort om arbeidsgiver

Indre Sogn psykiatrisenter har ledig 100% fast stilling som psykiater frå 01.03.2020. LIS 3 som har eitt år eller mindre igjen til å bli ferdig psykiater kan og søkje. Arbeidsoppgåvene vil vere knytt mot sengepost, poliklinikk og ambulant arbeid. 

Senteret er eit moderne DPS som er delt i seksjon Dag og Døgn. Vertskommunen er Sogndal, med mange og varierte arbeidsplassar. Kommunane i Indre Sogn er mellom anna kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for eit aktivt friluftsliv.  

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Rettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonell
  • Samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartar
  • Deltaking i senteret sin beredskapsordning i lag med dei andre legane på senteret
  • Poliklinisk arbeid eller sengepost etter dei behov avdelinga har

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykiater.
  • Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Førarkort i klasse B, er ein føremon men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og engasjement for faget og pasientgruppa
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du tenkjer heilskapleg, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt arbeidmiljø med hyggelege og erfarne kollegaer med brei og god kompetanse
  • Gode mogelegheiterfor fagleg og personleg utvikling 
  • Løn etter gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg fagmiljø med tverrfaglig samarbeid
  • Evt. hjelp med bustad, gje opp i søknaden dersom det er ønskeleg

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde
Kontaktpersoner
Navn: Øyvin Helge Myrmel
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 415 30 396
Navn: Asle Kjørlaug
Tittel: Medisinskfagleg rådgjevar
Telefon: 576 27 500 (sentral)
Hjemmeside
Arbeidssted
Indre Sogn psykiatrisenter
Dalavegen 29
6856 Sogndal