Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk får no ledig 1 fast stilling for lege i spesialisering i onkologi. I tillegg er det ledig fleire vikariat frå 6 til 18 månaders varigheit. Opplys i søknad om du søkjer på fast stilling og/eller vikariat.

Tiltreding i stillingane seinast 02.03.2020. Opplys i søknaden om du kan starte før denne datoen.

For fast stilling gjeld følgjande:
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i onkologi. Utdanninga vil vere ved vår avdeling. For dei som ikkje allereie har gjennomført sideutdanning i medisin (med hematologisk teneste) vil denne delen av utdanningsløpet skje ved samarbeidande avdeling i Helse Bergen på Haukelandsområdet, eventuelt ved samarbeidande sjukehus i Bergen. Viser for øvrig til utdanningsplan som følgjer arbeidsavtalen. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk er onkologisk regionavdeling for Vestlandet. Avdelinga har to sengepostar og ein stor poliklinikk med dagbehandling. Avdelinga har 6 linærakseleratorar. Oculær og gynekologisk brachyterapi, IMRT/ VMAT og stereotaktisk strålebehandling blir brukt. Det blir gitt regional hypertermi kombinert med stråling og/eller kjemoterapi. Avdelinga utfører høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. I tillegg har avdelinga fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.

Arbeidsoppgåver

  • Legar i spesialisering vil i rotasjon vere fordelt på ulike team på sengepostane. Legar i spesialisering deltar i postarbeid med mellom anna visittgang, inn- og utskriving av pasientar, poliklinikk og vurdering av pasientar saman med overlege. Seinare får legar i spesialisering under supervisjon av overlege sjølvstendige oppgåver knytta til vurdering av behandlingsopplegg, inkludert strålebehandling med målvoluminnteikning og doseplanlegging.
  • Det er pt 23-delt tilstadevakt.

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i onkologi
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Anna som blir lagt vekt på: Vitskapelege merittar og evner. Dokumentert relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Er effektiv og rasjonell når ein utfører sitt arbeid
  • Forstår raskt komplekse spørsmål og problem
  • Demonstrerer god fagleg kunnskap og vurderingsevne, og kan integrere dette i sitt daglege arbeid og i fagutvikling på ein god måte
  • Identifiserer og skil ut kva som er relevant informasjon om ein pasient, og sikrar korrekt oppfølgjing av pasienten
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og anna helsepersonell, kan tilpasse og formidle kompleks informasjon til desse
  • Behandlar pasientar og pårørande profesjonelt, respektfullt og empatisk, møter menneske i krise på ein god måte
  • Har god munnleg og skriftleg presentasjonsevne
  • Har vilje og evne til å tilpasse seg skiftande krav og tilhøve
  • Stillingane passar godt til legar med stor fagleg interesse og arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Eit givande arbeid og anledning til å utvikle seg mykje personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Terje Nordberg
Tittel: Ass. avdelingsoverlege
Telefon: 55977117/ 55972010
Arbeidssted
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen