Kort om arbeidsgiver

Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for distriktspsykiatrisk senter Sunnmøre 

Ambulante tenester allmenn - psykisk helse - DPS Ålesund

Ledig fast 100 % stilling som overlege i  psykiatri frå 09.12.2019.

Stillinga er knytt til ein nyoppretta ambulant seksjon. To ambulante team, som tidlegare har vore organisert saman med distriktspsykiatriske døgneiningar, er frå 1. september 2019 slått saman til ein ny seksjon.
Per i dag har teama base på Vegsund i Ålesund kommune og på Sjøholt i Ørskog kommune. Dei vil bli samlokaliserte ein stad i nye Ålesund kommune i løpet av 2020. Teama dekkjer ulike geografiske område med til saman hundre tusen innbyggjarar.
Begge teama gir spesialisthelsetenester innan psykisk helse i form av heimebehandling. Pasientar som ikkje kan gjere seg nytte av polikliniske tilbod, og som ikkje har behov for rammene i ei døgneining, får ambulante tenester i sitt heimemiljø. Dette omfattar utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar.
Seksjonen har følgjande fagstillingar: tre overlegar, psykologspesialist, to psykologar, LIS 3, spesialsjukepleiarar, sosionom og fysioterapeut.
Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga og legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande og dei kommunale tenestene.
Tilbod om ambulante tenester er på Sunnmøre organisert i tre ulike seksjonar. To av desse høyrer til Ålesund sjukehus, medan den tredje høyrer til Volda sjukehus. I tillegg til ambulante allmenntenester, har vi ambulante tenester for akutt heimebehandling og ACT (Assertive Community Treatment).
I Avdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmøre er det sju seksjonar. I tillegg til dei tre ambulante seksjonane, har vi to psykiatriske poliklinikkar, ein i Ålesund og ein i Volda, og to DPS døgnseksjonar, ein i Ålesund (Vegsund) og ein i Volda. Avdelinga er ein del av Klinikk for psykisk helse og rus.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
  • Rettleiing og supervisjon av LIS
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid
  • Deltaking i bakvaktordning etter behov/ønskje

Kvalifikasjonar

  • Overlege/psykiater
  • Norsk autorisasjon 

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon
  • Gode evner til etablering av terapeutiske relasjonar, innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens beste
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • God norsk eller nordisk språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg
  •  Vere personlig eigna
  • Ha ei fleksibel haldning

Vi tilbyr

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Rekrutteringstillegg etter tariff
  • Løn etter tariff
  • Engasjert fagmiljø med variert tilbud av ambulante tenester

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV

Utdanningsretning

  • Psykologi

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ronald Longva
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 70273870
E-post: Ronald.Longva@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Ambulante tenester allmenn - psykisk helse - DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 1
6017 Ålesund