Kort om arbeidsgiver

Vi søkjer etter ein ferdig utdanna spesialist i medisinsk biokjemi knytta til Seksjon for medisinsk biokjemi. Tilsetjing etter avtale.

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert til Haukeland universitetssjukehus i Helse-Bergen, og har i overkant av 300 tilsette. Avdelinga omfattar Seksjon for medisinsk biokjemi, Seksjon for klinisk farmakologi og Hormonlaboratoriet. Avdelinga har totalt 12 analytiske og tre ikkje-analytiske seksjonar.

Seksjon for medisinsk biokjemi har i dag 5 overlegar, der to er i hovudstilling i Helse Bergen, og fem LIS. To overlegar har hovudstilling og ein har bistilling ved Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen. 

MBF har ein omfattande rutineaktivitet som inkluderer alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Medisinsk biokjemi driv og ein betydeleg forskingsaktivitet knytt til våre satsingsområder. 

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk fagleg ansvar for enkelte driftsseksjonar
  • Rettleie legar i spesialisering
  • Delta i avdelinga sine medisinske rutineoppgåver
  • Delta i dagvaktordning for overlegar
  • Vurdere og tolke analyseresultat
  • Rådgjeving til rekvirentar
  • Overordna medisinsk fagleg bidrag til metodeutvikling og metodevalidering
  • Etablering og verifisering av referanseområde
  • Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
  • Bidra med undervising av tilsette, studentar og ved kurs og anna etterutdanning
  • Den som blir tilsett vil få moglegheit til å delta i forskingsaktivitet knytt til satsingsområde

Kvalifikasjonar

  • Må vere godkjend spesialist i medisinsk biokjemi
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring frå forsking
  • Søkjar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Ha god fagleg vurderingsevne og arbeide strukturert og målretta
  • Vere motivert for fagleg utvikling og forsking
  • Vere sjølvstendig, konstruktiv og fleksibel
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og kunne etablere gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Ha god oversikt over eigne oppgåver, kunne prioritere og følgje opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for forsking innan våre satsningsområde
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Anne Grete Thue
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55 97 31 19
Navn: Jørn Vegard Sagen
Tittel: Seksjonsoverlege MBF
Telefon: 95863689
E-post: jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no
Arbeidssted
Laboratorieklinikken, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen