Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 4 vikariat i eitt år for lege i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin. Eit vikariat er ledig frå snarast medan dei andre er ledige frå 02.03.2020.

Spesialiteten i rusmedisin vart oppretta 01.12.2014. Haukeland universitetssjukehus, avdeling for rusmedisin vart godkjend for heile utdanningsløpet i rusmedisin i november 2017. Avdelinga har sju godkjende spesialistar i rusmedisin. LIS går inn i ei rotasjonsordning med teneste ihht. spesialistkrava. Stillinga vil vere godt eigna for fastlegar som treng sjukehusåret til spesialisering i allmennmedisin.

Avdeling for rusmedisin har i dag ca 330 tilsette. Avdelinga er delt inn i fleire seksjonar, m.a. døgnpostane på Askøy, Tertnes og Manger i tillegg til poliklinisk verksemd fordelt på LAR med ansvar for ca 1000 pasientar, poliklinikk for unge, vaksenpoliklinikk, ambulante tenester og vurderingseining for alle tilvisingar til rusbehandling i Helse Bergen sitt nedslagsfelt.

På Askøy er det ei avrusings- og stabiliseringseining i tillegg til behandlingseiningar for langtidsbehandling i døgnavdeling. På Tertnes er det 6 plassar for pasientar som er på tvang etter reglane i helse- og omsorgstenestelova. I tillegg finn ein der ein 9-sengs kvinnepost med familieambulatoriet som følgjer opp gravide og småbarnsfamiliar både i sengepost og ambulant. Avdeling for rusmedisin sitt terapeutiske samfunn er lokalisert til Manger. 

Arbeidsoppgåver

  • Postarbeid og arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av samtidige ulike rus- og avhengigheitslidingar, psykiatrisk og somatisk sjukdom
  • Du deltar i p.t. 10-delt vaktordning med tilstadevakt på akuttposten. Arbeidet her går ut på akuttvurderingar av ruspasientar i skjæringspunktet mellom akutt rus- og indremedisin
  • Vikariatet kan tene som del av spesialistutdanninga
  • Deltaking i ansvarsgrupper med primærhelsetenesta og sosialtenesta
  • Mottak, undersøking og behandling av pasientar som blir lagt inn på tvang
  • Poliklinisk oppfølging av LAR pasientar

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Akuttmedisinsk erfaring er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å jobbe med pasientar med krevjande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
  • Vi ønskjer legar som kan arbeide sjølvstendig, men som søkjer råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
  • Legar i rus- og avhengigheitsmedisin bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre

Vi tilbyr

  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Karl Trygve Druckrey-Fiskaaen
Tittel: Overlege
Telefon: 94146623
Navn: Ingvild Solli Hegland
Tittel: Legekoordinator
Telefon: 98842474
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen
Avdeling for rusmedisin
5021 Bergen