Kort om arbeidsgiver
Me søkjer no etter
Lege – arbeidsretta rehabilitering
Vikariat, 100% stilling. Gjeld fram til 31. juli 2020, men med moglegheit for forlenging og/eller fast tilsetjing vidare.

Vårt hovudmål er å hjelpe menneske som av ulike årsakar har falle ut, eller står i fare for å falle ut av arbeidslivet, å koma tilbake i jobb. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.
Du kan bidra med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og blir del av eit team beståande av lege, psykolog, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. Saman støttar teamet pasientane gjennom ein endringsprosess der fokuset er å styrke og synleggjera ressursane og moglegeheitene for desse.

Det er forskjellige spesialitetar som kan vera aktuelle for AiR, til dømes fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin eller andre.
Det kan også vera aktuelt med lege i spesialisering (LIS) innan fysikalsk medisin og rehabilitering.


Arbeid- og ansvarsområde
  • Individuelle konsultasjonar og rettleiing
  • Medisinske vurderingar
  • Undervising
  • Tverrfagleg sparring og samarbeid
  • Søknadsvurdering
  • Fortløpande journal- og epikrisearbeid
 
Faglege kvalifikasjonar
  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar
  • Interesse for undervising og gruppeprosessar
  • Gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med fagområdet er ei føremon, men ikkje eit krav
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt
 
Me tilbyr:
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • Arbeidstid mellom kl. 08.00 og 15.30 på kvardagar
  • Systematisk fagleg utvikling både internt i huset og gjennom eksterne kurs og etterutdanning
  • Hjelp til å skaffe bustad
 
Søknadsfrist 18. november 2019
For meir informasjon, kontakt ass. klinikkleiar, Siri Mørch på tlf. +47 474 63 408 / siri.morch@air.no
eller administrasjonsleiar Jon Hovda på tlf. +47 35 06 28 00 / jon.hovda@air.no
Søknad sendes til: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Rehabiliteringssenteret AiR as
Kontaktpersoner
Navn: Siri Mørch
Tittel: Ass. klinikkleiar
Telefon: +47 474 63 408
E-post: siri.morch@air.no
Navn: Jon Hovda
Tittel: Administrasjonsleiar
Telefon: 35 06 28 00
E-post: jon.hovda@air.no
Arbeidssted
Haddlandsvegen 20
3864 RAULAND
Mer om arbeidsgiver

AiR-klinikk tilbyr tverrfaglig intervensjon der målet er å styrke arbeidsevnen og bidra til mestring...

Besøk arbeidsgivers profilside