Kort om arbeidsgiver
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har tre avdelingar som er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), og tre avdelingar som er lokalisert på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin, Avdeling spiseforstyrringar og Avdeling alderspsykiatri.

Vi har ledig 100% fast stilling for spesialist i psykiatri. Stillinga er knytt til Avdeling psykosomatisk medisin. Avdelinga gir tenester til dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus.I avdelinga er det tilsett psykiatrar, psykologspesialist og psykiatrisk sjukepleiar. Avdelinga er godkjent som fordjupningsområde for legar i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar ved dei somatiske einingane.
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidande einingar.
  • Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet.
  • Ta del i samarbeidet mellom dei ulike avdelingane i klinikken.
  • Psykosomatisk poliklinikk.
  • Delta i bakvaktsordninga.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialist i vaksenpsykiatri eller snart ferdig spesialist.
  • Søkjar må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Den som blir tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Det er viktig at du likar å arbeide i tverrfaglege team.
  • Trivast med å samarbeide på tvers av organisatoriske einingar, og utvikle gode samarbeidsrelasjonar med både dei somatiske einingane i HUS og HDS, og innanfor psykisk helsevern.
  • Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for dine medmenneske.
  • Vi legg vekt på at søkjar er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå.
  • Interessante arbeidsoppgaver.
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø.
  • Lønn etter avtale.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Turid Vetaas
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55974515
Navn: Ann Christin Øren Rivenes
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55974562
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling psykosomatisk medisin, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen