Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig stilling som seksjonsoverlege ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk døgnseksjon. Tiltreding etter nærare avtale 

Øyane DPS er eit av tre DPS knytta til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nytt lokale i 2011 og er lokalisert i bynære omgjevnader om lag tjue minuttars køyring frå Bergen sentrum.

Klinikken har sektoransvar for fire bynære kommunar, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden med om lag 50 000 innbyggjarar over 18 år. Det er god kontakt med fyrstelinja og kommunane er i rask vekst. Øyane DPS er aktiv i samhandling med kommunane.

Vi ynskjer også å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ynskjer og moglege rammer. Vi anser det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagd. Øyane DPS har eigen FOU-ansvarleg, som er overlege med forskingskompetanse.

Øyane DPS består av:
• Allmennpsykiatrisk poliklinikk, godkjend tenestestad for LIS3, med eige ambulant akutteam (AAT), dagbehandlingsteam og MBT team.
• Psykose døgnseksjon med 8 senger, poliklinikk med dagbehandlingstilbod godkjend som tenestestad for LIS3
• Allmenn døgnseksjon har åtte senger og er godkjend som fordjupingsteneste og valfri teneste for LIS. Behandlargruppa består av seksjonsoverlege i 100%, som no er utlyst, overlege i 35%, psykologspesialist 100%, LIS1 og LIS3

Seksjon allmennpsykiatrisk døgnbehandling er ein open seksjon som primært tilbyr korttidsbehandling og er ledd i ein behandlingskjede for menneske med allmenne psykiatriske lidingar. Vi mottar pasientar frå fastlege, AAT, somatiske avdelingar på Haukeland sjukehus og Sandviken sjukehus, mottakspost (PAM). Allmenndøgn har tett samarbeid med allmennpoliklinikk og AAT. Det skal utviklast dagtilbod som alternativ til døgn kor seksjonsoverlegen i allmenndøgn vil vere sentral i samarbeid med poliklinikken.

Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring frå arbeid i døgnpost, god arbeidskapasitet, likar ein variert arbeidskvardag, er løysingsorientert, positiv og trivst i eit tverrfagleg miljø. Seksjonsoverlegen vil delta på utvida leiarmøte.

Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.

Legegruppa ved Øyane DPS består av klinikkoverlege i 100%, 5 overlegar i 100%, 2 konstituerte overlegar, 1 overlege i 35%, 1 overlege i 20%, 3  LIS 3, LIS 1 og 1 fastlege i sitt sjukehusår.  

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, fastsetjing av diagnose og behandling av tilviste pasientar
  • Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar
  • Medisinsk- og spesialistfagleg ansvar
  • Arbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert, effektiv og sjølvstendig
  • Erfaring frå allmenn- og akuttpsykiatri samt døgnbehandling
  • Noko erfaring frå rettleiing av LIS
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Eit spanande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskap
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Ellen Haukenes Tvedt
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 56326600
Navn: Liv Åse Dybdal
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 56326600
Arbeidssted
Øyane distriktspsykiatriske senter/ Allmennpsykiatrisk døgnbehandling, Helse Bergen
Blombakkane 75
5353 Straume