Kort om arbeidsgiver

Ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk, er det ledig 100% stilling som psykiater. Oppstart etter avtale. Søkjare som ynskjer å arbeide deltid kan også søkje.

Øyane DPS er eit av tre DPS knytta til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye og moderne lokale i 2011. Vi er lokalisert i
bynære omgjevnadar om lag 20 minuttars køyring frå Bergen sentrum. Det er høve for parkering. Øyane DPS har sektoransvar for fire bynære kommunar med om lag 50 000 innbyggjarar over 18 år. Det er god kontakt med fyrstelinja og kommunane er i rask vekst.

Øyane DPS består av:  
* Allmennpsykiatrisk døgnseksjon beståande av åtte senger med mottak av pasientar direkte frå fastlege, AAT, somatiske avdelingar og Sandviken Sjukehus. Liggetid er mellom 10 og 15 dagar. Døgnseksjon på allmenn er godkjent som tenestestad for LIS 1 og LIS 3. 
* Psykose døgnseksjon med 8 senger og psykose/ rehabiliteringspoliklinikk godkjent for LIS 3.  

Allmennpsykiatrisk poliklinikk består av eit  ambulant akutteam, (AAT), to allmennpsykiatriske behandlingsteam, team for dagbehandling  og eige team for MBT. Behandling gis både individuelt og i gruppe. MBT tilbodet består av ein psykoedukativ- og ein prosessgruppe. Det er også etablert et prosjekt med MBT og musikkterapi for pasienter med alvorlig personlighetsforstyrring og funksjonssvikt. Poliklinikken tilbyr også andre former for gruppeterapi, mellom anna stabiliserande grupper for pasientar med traumelidingar, DBT-basert behandling for pasientar med ADHD og angstmestringsgrupper. Det er også starta opp behandling av unnvikande personlighetsforstyrring med metakognitiv interpersonlig terapi (MIT).

Poliklinikken har IPS jobbspesialister som arbeider aktivt i teama og seksjonane.
Klinikken har tilsett to musikkterapeutar som er aktive i dagbehandlinga. Poliklinikken skal utvikle dagbehandlingstilbod som alternativ til døgn kor også ernæring og fysisk aktivitet blir vesentlige element.

Øyane DPS ynskjer å være førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ynskjer og mulige rammer. Vi anser det som viktig å være både lydhør og fleksibel. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagd. Øyane DPS har FOU ansvarlig som er overlege med forskingskompetanse. Alle legene møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.

Legegruppa ved Øyane DPS består av klinikkoverlege i 100%, 5 overlegar i 100%, 2 konstituerte overlegar, 1 overlege i 35%, 1 overlege i 20%, 3  LIS 3, LIS 1 og 1 fastlege i sitt sjukehusår.    

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, fastsetjing av diagnose og behandling av tilviste pasientar
  • Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar
  • Medisinsk- og spesialistfagleg ansvar
  • Arbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert, effektiv og sjølvstendig
  • Erfaring frå allmenn- og akuttpsykiatri
  • Noko erfaring frå rettleiing av LIS
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Eit spanande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskap
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Ellen Haukenes Tvedt
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 56326600
Navn: Agnete Fossbakk
Tittel: Overlege/ Forskings- og fagutviklingsleiar
Telefon: 56326600
Arbeidssted
Øyane distriktspsykiatriske senter/ Allmenpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen
Blombakkane 75
5353 Straume