Me søkjer lege i vikariat i perioden 01.11.2019 -31.08.2020
Søknadsfrist: 05.09.19


I Vinje har me tre legekontor. Hovudkontoret ligg i Åmot, og me har utekontor på Rauland og Edland. Ledig vikariat er knytt til Åmot, med oppgåver knytt til offentlege oppgåver, primært tilsyn i sjukeheim/ KAD, ø.hjelpsfunksjon på dagtid og legevaktarbeid. Oppgåver kan bli endra.

Legetenesta har fem fastlegeårsverk, ein sjukeheimslege og ein turnuslege.

Som lege i Vinje vil du få kommunal fastløn.

Kommunen er vertskommune for Tokke – Vinje legevakt, lokalisert til legetenesta sine lokalar i Åmot. Legevakta er 10-delt.

Me tilbyr gode ordningar, varierte oppgåver og eit spanande arbeidsmiljø.

Du må ha norsk autorisasjon, gode samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.

Me ynskjer primært at du fyller kvalifikasjonskrav jf Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommuneoverlege Marius Opsahl tlf 35 06 25 00.

I samsvar med offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema

Velkomen som søkjar!
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Vinje kommune
Kontaktperson
Navn: Marius Opsah
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 35 06 25 00
Arbeidssted
Vinje kommune
3890 VINJE