Kort om arbeidsgiver
Ullensvang herad har frå 1. september 2019 1 ledig ALIS stilling på Lofthus legekontor. Lofthus legekontor har 3 legar og har p.t. ca 2150 pasientar. Ullensvang herad har i tillegg Utne legekontor, der det er to legestillingar og stilling for turnuskandidat. Heradet har nett vedteke å gå vidare med mulighetsstudie/forprosjekt for helse- og omsorgssenter i Kinsarvik, slik at legetenesta kan ta i bruk nye lokale samlokalisert med andre helse- og omsorgtenester i heradet. Kommunane Jondal, Odda og Ullensvang vil frå 2020 vera ein kommune, og arbeide med dette er også i støypeskjeia. Den nytilsette vil saman med kollegaer vera med på utforming av framtidige helse- og omsorgstenester. Elles dei tre kommunane om felles Ullensvang interkommunal legevakt lokalisert til Odda sjukehus, der det no er 13-delt vakt på legevaktstasjonen.

Utdanningsstilling i allmennmedisin - ALIS-Vest
Ullensvang herad har ledig ein fastlønna legestilling. Stillinga skal dei første 5 åra knytast til eit pilotprosjekt med spesialistutdanning i allmennmedisin-ALIS-VEST. Stillinga vil vera tilknytt lofthus legesenter med 2 fastlegar, og det vert sikra rettleiing og tilrettelegging for spesialistutdanning. Stillinga innebærer også arbeid på sjukeheim, ØHD-seng og legevakt. Legen forpliktar seg til å gjennomføra dei kurs og delta i rettleiing og dei læringsaktivitetar som vert krevd for gjennomføring av spesialistutdanninga og som vert del av prosjekt ALIS-VEST (https://alisvest.wordpress.com/). Det er ønskjeleg med oppstart 16.september 2019.


Kvalifikasjonar
  • Godkjend norsk autorisasjon som lege
  • Søkjar må ha fullført turnus eller fått godkjend tilsvarande teneste av Helsedirektoratet som gir høve til å praktisere som fastlege med trygderefusjon.
  • Fagleg dyktig og gode samarbeidsevner
  • Gode norskkunnskapar og kommunikasjonsevner vert vektlagd. Søkere som ikke har skandinavisk bakgrunn, må dokumentere sitt språknivå. Kravet er nivå C1 (Bergenstesten).
  • Har førarkort for personbil
  • Har tilgang til eigen bil

Utdanningsretning
  • Medisin / Helse / Sosialfag

Utdanningsnivå
  • Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad

Personlege Eigenskapar
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.

Dei tilsette legane vil verta viktige medspelarar til å forma helsetenesta vår i åra som kjem.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Ullensvang herad (gamle)
Kontaktpersoner
Navn: Jørgen Lerik Ninn
Tittel: Verksemdsleiar
Telefon: 91338570
E-post: jorgen.ninn@ullensvang.kommune.no
Navn: Daniela Brühl
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 53 67 13 40
E-post: dbru@ullensvang.herad.no
Søknad
Søknad sendes:
Ullensvang herad,
5780 KINSARVIK

Arbeidssted
Lofthus legekontor
Gnr 74 Bnr 33
5781 LOFTHUS