Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Hudavdelinga i Helse Førde har frå omlag 1.9.2019 ledig stiling som legespesialist / overlege i hud
og veneriske sjukdommar.

Hudavdelinga består av 5 poliklinikkar fordelt på ulike lokalisasjonar i Sogn og Fjordane. Den største poliklinikken
er på Førde Sentralsjukehus, og dette er hovudarbeidsstad. Avdelinga har og
eigen telemedisinsk poliklinikk i Audnedal.
Avdelinga har 5 legestillingar; 3 overlegar og 2 LIS. 

Arbeidsoppgåver

  • Hudavdelinga i Helse Førde har spesialisthelsetenesteansvar for innbyggjarane i Sogn og Fjordane innan fagområdet.
  • Arbeidsoppgåver er til dømes utgreiing og behandling  av ulike maligne og premaligne tilstandar i huda, psoriasis, eksem, allergologiske utgreiingar, sårbehandling, mindre kirurgiske inngrep mm.
  • Avdelinga brukar og videokonsultasjonar der dette er teneleg. Alle einingane driv lysbehandling.

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i hud og veneriske sjukdommar, norsk godkjenning.
  • Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.

Personlege eigenskapar

  • Stillinga krev evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team. 
  • Må ha gode samarbeidsevner, ha positiv innstilling og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Tett samarbeid med dei andre legane i avdelinga, og erfarne sjukepleiarar.
  • Hjelp til å skaffe bustad.
  • Gode oppvekstvilkår for born.
  • Flott natur med fjord og fjell og svært gode tilhøve for friluftsliv.
  • Førde har og eit rikt tilbod innan kultur, fritidstilbod og handelsnæring. 

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde
Kontaktpersoner
Navn: Ingvild Helgheim Hatten
Tittel: Overlege
Telefon: 578 39 362
Navn: Trude Lindesteg
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 578 39 362
E-post: trude.lindesteg@helse-forde.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Hud avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Mer om arbeidsgiver
teaser image