Kort om arbeidsgiver
Avdeling for medisinsk genetikk (MGM), Helse Bergen, har ledig 100% fast stilling som overlege.

MGM er ein av sju organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus.
Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium
for diagnostisk utreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira
familiar med sikker eller mistenkt genetisk tilstand. MGM har om lag 90
tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn, og vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget. Medisinsk-genetisk poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg.


Arbeidsoppgåver

Fagområdet medisinsk genetikk har særleg ansvar for pasientar og familiar med monogenetiske tilstander og sjukdomar, det såkalla sjeldenfeltet, som omfattar isolert genetisk sjukdom og samansette genetiske tilstandar og sjukdommar med symptom frå fleire organsystem. Syndromutgreiing er en del av dette særansvaret.
Ny teknologi gjer det no mogleg å finne alle dei genetisk variantane til eit menneske med ein test, og dette gjer også at stadig fleire pasientar og legar treng våre tenester. Ein årsak er aukande behov for klinisk-genetisk vurdering av genvariantar, også ved særs sjeldne genetiske sjukdommar. Ein annan årsak er aukande utval av genetiske testar, der val må gjerast slik at vår testing gir god ressursnytte og best mogleg klinisk gevinst. Den som blir tilsett vil ta del i utviklinga av persontilpassa medisin innan sjeldenfeltet, og korleis våre tenester best kan tilpassast det behov som pasientar, familiar og andre helsetilsette har.

MGM er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk og ein laboratorieeining med tre seksjonar, og i tillegg er regionalt kompetansesenter for arveleg kreft tilknytt avdelinga. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeid mellom seksjonane og med andre avdelingar i Helse Bergen, UiB og andre helseføretak. Vår poliklinisk verksemd er omfattande og travel, og alle legar deltar i dette.  Storparten av denne verksemda går føre seg på HUS, men vi har også regelmessige poliklinikkdagar ved andre helseføretak. Det gjer at noe reiseverksemd er ein del av tenesta. MGM deltar på samarbeidspoliklinikkar på HUS og driv utstrakt konsulentverksemd. Undervising av anna helsepersonell, pasientar og pårørande utgjer også ein av våre oppgåver. Forsking er ein viktig del av vår verksemd.


Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon til å arbeide som lege i Norge
  • Søkjarar frå land utanfor Skandinavia må læra seg norsk
  • Søkjar må ved tilsetjing ha fullført alle krav til spesialistutdanning i medisinsk genetikk
  • Søkjar må ha god kunnskap og brei erfaring både innanfor syndromutgreiing og generell klinisk genetikk
  • Søkjar må ha oppdatert kunnskap om medisinsk-genetisk laboratoriediagnostikk og røynsle frå variantvurdering, og må sjølvstendig kunne arbeide som klinisk laboratoriegenetiker
  • Erfaring frå forsking er eit føremon

Personlege eigenskapar
  • Fagleg dyktig kollega som er innsatsvillig og nysgjerrig i møtet med nye tilstander
  • Gode samarbeidsevner
  • Effektiv og produktiv, målretta og strukturert
  • Positivt bidrag til eit godt kollegialt arbeidsmiljø
  • Må kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • God evne til kommunikasjon og samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr
  • Vi tilbyr ein allsidig og interessant jobb i ein grenseflate mellom utgreiing, diagnostikk, behandling og forskning, og eit godt arbeidsmiljø. 
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Øyvind Thorgrimsen-Stensvold
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 99742216
Arbeidssted
Laboratorieklinikken / Avdeling for medisinsk genetikk
Jonas Liesvei 65
5021 Bergen