Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
 
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. 
Klinikk for diagnostikk, Avdeling for radiologi Ålesund og Volda
Det er ledig 4 faste 100 % stilling for Lege i spesialisering(LIS) frå 01.10.2019.

Avdelinga har etter gammal ordning godkjenning for LIS-utdanning i 3,5 år.
LIS går i 8-delt tilstades vakt.

I tilfelle tilsetting av interne søkjarar i dei faste stillingane, vil kortare vikariat kunne bli ledige. 

Arbeidsstad er ved Ålesund sjukehus.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsoppgåver i tråd med avdelinga sin opplæringsplan for LIS.

Kvalifikasjonar
  • Må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.

Vi tilbyr
  • Løn etter gjeldande overeinskomst.
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Arjan Christiansen
Tittel: seksjonsleiar
Telefon: 70 10 50 00
E-post: Arjan.Christiansen@helse-mr.no
Navn: Inge Lode
Tittel: avdelingssjef
Telefon: 70 10 50 00
E-post: Inge.Lode@helse-mr.no
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: 4117257753
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND