Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 
Fastlegeheimelen er lokalisert til Ulstein legesenter som er eit aksjedrive praksisfellesskap med 10 fastlegar og ein turnuslege.

Ulstein kommune har interkommunal legevakt saman med Hareid kommune på ettermiddag/kveld og i helgane. Kommunen er med i fastlønna interkommunal legevakt kvar natt  med kommunane Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande. Det er pliktig deltaking i legevakta.

Kvalifikasjonar
Godkjent utdanning som spesialist i allmennmedisin, alternativt er under spesiallisering i allmennmedisin med rett til refusjon
Gode evner i norsk munnleg og skriftleg
Førarkort

Personlege eigenskapar
Positiv innstilling og faglig engasjement med personlege eigenskapar som gjer deg eigna til jobben.
Vi legg stor vekt på uttale frå almennlegeutvalet, j.fr. ASA 4310. P 5.5e
Ved tilsetjing må du kunne legge fram ny politiattest. 

Vi tilbyr
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer

Listestorleik på 950
Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan bli pålagt
Listestorleik og kommunal stilling kan vere mogleg å endre etter nærare avtale. Vilkår for praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ulstein kommune
Kontaktpersoner
Navn: Michael Dahl
Tittel: Dagleg leiar ved Ulstein legesenter
Telefon: 700 18 989
Navn: Norunn Kirkebø Elde
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 928 02 357
Arbeidssted
Ulstein legesenter
Sjøgata 3
6065 ULSTEINVIK