Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.

Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmøre - Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre 

VI har ledig to faste 100 % stillingar for Lege i spesialisering  frå 01.09.2019.
Ved intern tilsetting kan vikarstilling bli ledig.


Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal har tilrettelagt
vidareutdanningsløp for spesialisering i psykiatri for legar.
Avdeling for sjukehuspsykiatri har fem seksjonar: Akutt, Lokal sikkerheitspsykiatri, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering.
Avdeling for DPS har frå 1.9.19 to døgnseksjonar, DPS Volda har 12 senger og DPS Vegsund har 17 senger + 3 senger for medikamentfritt tilbud.
Vidare har vi polikliniske og ambulante behandlingstilbod.
 

Arbeidsoppgåver
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av mennesker med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastleger og pårørande
  • Deltaking i kvalitetsforbedringsarbeid
  • Deltaking i forvaktordning

Personlege eigenskapar
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Gode evner til etablering av terapeutiske relasjoner, Innstilt til å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens beste 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Gode norsk eller nordisk språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg
  • Vere personlig eigna
  • Ha ei fleksibel haldning

Vi tilbyr
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Rekrutteringstillegg etter tariff
  • Løn etter tariff
  • Undervisning, rettleiing i tråd med retningslinene for vidareutdannig 
  • Engasjert fagmiljø med variert og bra tilbud av ambulante tenester

Merk arbeidsplass er ikkje berre på Ålesund sykehus - Søkjeren går inn i rotasjonsplanen for legane i spesialisering etter erfaring og eignaheit, samt utdanningsløp og totalvurdering. Arbeidsplassen kan derfor vere enten i område for sjukehus og/eller DPS.


Utdanningsretning
  • Medisin
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Kari- Elise Veddegjærde
Tittel: Lege i spesialisering
Telefon: 70106500
Navn: Ståle Hoff
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 70167354
E-post: stale.hoff@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Akutt psykisk helse Ålesund
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund