Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.

 

Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. 

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for distriktspsykiatrisk senter Sunnmøre - DPS Sjøholt

Ledig fast 100 % stilling som overlege i  psykiatri frå 16.09.2019

Avdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmøre er ei av fem avdelingar i Klinikk for psykisk helse og rus. DPS Sjøholt er ein av sju seksjonar i avdelinga. Avdelinga tilbyr desentraliserte, tilgjengelege og samanhengande spesialisthelsetenester. I samarbeid med dei  17 kommunane i opptaksområdet vil vi arbeide for at menneske med psykiske lidingar skal kunne leve eit mest mogleg normalt liv, prega av deltaking, uavhengigheit og evne til å meistre eige liv. Dette inneber tilgjengelege tenester for befolkninga og stor grad av brukarmedverknad. I avdelinga er det eit tett samarbeid mellom seksjonane, med høve til fagleg utvikling og variert klinisk arbeid for medarbeidarane.

DPS Sjøholt er delt i to team, eit døgnteam og eit ambulant team. Frå 1.
september 2019 blir døgnposten lagt ned, og vi får ei styrking av det ambulante teamet. Ambulant team tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling i pasienten sitt heimemiljø.

Vi gir tilbod til pasientar med psykoselidingar, angst, depresjon, traume- og
personlegdomsproblematikk m.m.

Vi har åtte samarbeidskommunar med til saman 45 tusen innbyggjarar. Pasientane blir søkt inn frå fastlege eller overført frå andre seksjonar i klinikken. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga i samarbeid med pasienten.
Det tverrfaglege teamet består av psykiater, psykologspesialist, psykolog,
lege/LIS 3, psykiatrisk sjukepleiar, sjukepleiar, vernepleiar og fysioterapeut.
Vi legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande og dei kommunale
tenestene.
Det er ei målsetting at arbeidsstyrken speilar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.


Arbeidsoppgåver
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
  • Rettleiing og supervisjon av LIS
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid
  • Deltaking i bakvaktordning etter behov/ønskje

Kvalifikasjonar
  • Overlege/spesialist
  • Norsk autorisasjon 

Personlege eigenskapar
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Gode evner til etablering av terapeutiske relasjonar, Innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens beste
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • God norsk eller nordisk språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg
  • Vere personlig eigna
  • Ha ei fleksibel haldning

Vi tilbyr
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Rekrutteringstillegg etter tariff
  • Løn etter tariff
  • Engasjert fagmiljø med variert og bra tilbud av ambulante tenester
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV

Utdanningsretning
  • Medisin

Utdanningsnivå
  • Høgskule/universitet
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ronald Longva
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 70273870
E-post: Ronald.Longva@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
DPS Sjøholt, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund