Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.

Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre - Alderspsykiatri Ålesund 

 Vi har ledig vikariat i 100% stilling, men også muligheit for redusert stilling for overlege eller Lege i spesialisering frå  01.09.2019  tom 29.02.2020 med muligheit til forlenging.Arbeidsstad:  Alderspsykiatri Sunnmøre Poliklinikk.

Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri i nye lokaler frå 2008. APS Sunnmøre (poliklinikk) er tverrfagleg samansett av legespesialist, psykologspesialist og fagkonsulentar. Poliklinikken driv eit utstrakt ambulant arbeid, og har eit nært samarbeid med APS døgnpost og andre seksjonar i føretaket

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/diagnostisering og behandling i tverrfaglege team. I nær samhandling med kommunehelsetenesta.
  • Undervisning og rettleiing til pasient, pårørande og primærhelsetenesta.
  • Internundervisning og kvalitetsarbeid.
  • Deltaking i seksjonsutvikling, i det å utvikle ein framtidsretta alderspsykiatri på Sunnmøre15-delt vaktordning.
  • Både ambulant poliklinisk -og stasjonært arbeid.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend lege med spesialisering i psykiatri/alderspsykiatri/geriatri.
  • Stillinga kan og søkast av lege som snart er ferdig spesialist, lege/lis med erfaring frå fagfeltet.

Personlege eigenskapar

  • Ein må meistre norsk språk for skriftleg og munnleg kommunikasjon.
  • Erfaring frå alderspsykiatri er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar, evne til teamsamarbeid, holdning og vilje til å bidra til å aukeeigen og andre sin kompetanse.
  • Interesse for å ta i bruk nye medium, eller arbeidsmetodar for samhandling.

Vi tilbyr

  • Arbeid i eit fagområde som er i ei spennande utvikling.
  • Dyktige medarbeidarar med lang erfaring innan psykiatri, geriatri, og alderspsykiatri.
  • Moglegheit for kortare vikariat.Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).

Utdanningsretning

  • Psykologi
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Perny Kristin Oksnes
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 47303456
E-post: Perny.Kristin.Oksnes@helse-mr.no
Navn: Vivian Akerø Svenslid
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 70167400
E-post: Vivian.Svenslid@helse-mr-no
Hjemmeside
Arbeidssted
Alderspsykiatri Sunnmøre - Ålesund
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund