Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har ledig eit vikariat som Lege i spesialisering (LIS 2/3) innan lungemedisin frå 04.11.2019. Vikariatet er for 10 månader.

Lungeavdelinga driv med spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med lungesjukdommar i Helse Vest. Vi har i tillegg ein stor forskingsaktivitet i nært samarbeid med andre avdelingar og institusjonar både regionalt og nasjonalt.

Avdelinga har to sengepostar med totalt 36 sengeplassar. Av desse er 8 senger knytt til ROE/post 1 (Respiratorisk overvakingseining). Vi har og ein stor poliklinikk- og dagbehandlingseining der Senter for søvnmedisin er ein viktig del. Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og Nasjonal Kompetanseteneste for Heimerespiratorbehandling er og knytt til avdelinga.

Lungeavdelinga har ca 150 årsverk og eit variert pasientbelegg med årleg rundt 3000 avdelingsopphald (døgn- og dag) og ca.22000 ambulante konsultasjonar. Gjennom eit tett samarbeid med universitet og høgskule bidrar avdelinga til høg forskingsaktivitet og fagutvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i etablerte vaktordningar og i avdelinga si drift.
  • Undervisingsoppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i lungemedisin
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Erfaring frå samarbeid på tvers

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Positivt og kompetent fagmiljø, høg forskingsaktivitet
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Kjetil Sævartveit
Tittel: Kst. avdelingsdirektør
Telefon: 55973555
Arbeidssted
Lungeavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen