Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig ein 100% overlegestilling for spesialist i arbeidsmedisin som også vil vere leiar for Arbeidsmedisinsk poliklinikk (AMP). Lege som blir ferdig med spesialistutdanninga i arbeidsmedisin innan rimeleg tid kan og søkje stillinga.

Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for helseregion III (Rogaland, Hordaland samt Sogn og Fjordane). Arbeidsmedisinsk poliklinikk si hovudoppgåve er å påvisa og førebyggja helseeffekt/ sjukdom som skuldast påverknader i arbeidsmiljøet. Ved AMP er det tre overlegestillingar innen arbeidsmedisin og tre stillingar for legar i spesialsiering (LIS) i arbeidsmedisin. Den faste staben ved Arbeidsmedisinsk poliklinikk er breitt fagleg samansett med overlegar (arbeidsmedisin, lungemedisin, dermatologi og nevrologi), yrkeshygienikarar og nevropsykologar. Avdelinga er organisert i seksjonen Arbeidsmedisinsk poliklinikk, Seksjon for klinisk spesialallergologi med Regionalt senter for astma, allergi og annen overfølsomhet (RAAO), Seksjon for hyperbarmedisin med hyperbar oksygenbehandling og dykkelegevakt, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin med Radio medico, sjukepleieseksjon og merkantil seksjon. Avdelinga har tre nasjonale behandlingstenester, to av dei er heilt eller delvis knytt til AMP: Nasjonal behandlingsteneste for spesifikk bronkial provokasjon og Nasjonal behandlingsteneste for yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar.

Det er eit utstrakt tverrfagleg samarbeid både innan og mellom seksjonane, og mellom seksjonane og andre relavante avdelingar både i Haukeland universitetssjukehus og helsetenesta for øvrig.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er knytt til leiarfunksjon ved Arbeidsmedisinsk poliklinikk
  • Stillinga inngår i arbeidsmedisinsk klinisk aktivitet, førebyggjande arbeid, forsking og rettleiing av LIS i arbeidsmedisin
  • Poliklinikk, arbeidsmiljøundersøkingar, tverrfaglege forskingsprosjekt og undervising er difor prioriterte oppgåver        

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som lege
  • Må tilfredsstille krava i gjeldande nasjonalt regelverk for legar i spesialiteten arbeidsmedisin
  • Det blir lagt vekt på forskingserfaring og avlagt Phd innan relevant fagfelt
  • Det blir lagt vekt på erfaring frå arbeidsmedisinsk institusjonsavdeling
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne                    

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg i møte med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og andre samarbeidspartnere
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande tilhøve
  • Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver                             

Vi tilbyr

  • Den som blir tilsett rapporterer direkte til avdelingsdirektør og vil delta i avdelingas leiargruppe
  • Variert og interessant arbeid kor den tilsette vil kunne definere eige interesseområde innan arbeidsmedisin
  • Kompetanseplan innan leiing
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring                         
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Jens-Tore Granslo
Tittel: Seksjonsleiar/overlege
Telefon: 55973875
E-post: jens-tore.granslo@helse-bergen.no
Navn: Marit Grønning
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55973875
E-post: marit.gronning@helse-bergen.no
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN