Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Brenn du for arbeidsmedisinske problemstillingar? Har du lyst til å vera med å byggje helsetenestene for sjøfolk? Trivast du med å arbeida tverrfagleg?

Det er ledig ein 100 % fast overlegestilling ved Yrkesmedisinsk avdeling i skjeringspunktet mellom seleksjonsmedisin, telemedisin og arbeidsmedisin (50 % av stillinga vil bli lagt til Arbeidsmedisinsk poliklinikk (AMP) og 50 % av stilling vil bli lagt til Norsk senter for maritim- og dykkemedisin (NSMDM).

AMP er ein tverrfagleg poliklinikk med hovudoppgåve å påvisa og førebyggje helseeffekt/sjukdom som skuldast påverknader i arbeidsmiljøet. Poliklinikk, arbeidsmiljøundersøkingar, undervising og tverrfaglege forskingsprosjekt er prioriterte oppgåver. AMP har regionfunksjon i Helse-Vest, og i tillegg har Yrkesmedisinsk avdeling tre nasjonale behandlingstenester, to av dei er heilt eller delvis lagde til AMP: Nasjonal behandlingsteneste for yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar og Nasjonal behandlingsteneste for spesifikk bronkial provokasjon ved yrkesrelatert astma. Den faste staben ved AMP er breitt fagleg samansett med overlegar (arbeidsmedisin, lungemedisin, dermatologi og nevrologi), yrkeshygienikarar og nevropsykologar. Det er tre overlegestillingar i arbeidsmedisin og tre stillingar for legar i spesialisering (LIS) i arbeidsmedisin.


NSMDM er eit nasjonalt kompetansesenter innan maritim medisin og dykkemedisin. Senteret driv mellom anna brei kursaktivitet for norske og utanlandske sjømannslegar, dykkarlegar og petroleumslegar, tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid, medisinsk fagleg rådgjeving til norske styresmakter, leiing av fagnemnda for helsesaker i Sjøfartsdirektoratet, Kystverket si klagenemnd for helseundersøking av losar og losaspirantar og den telemedisinske legevaktsordninga for sjøfolk, Radio Medico. Radio Medico er ei internasjonal teneste med førespurnader frå sjøfolk over heile verda. Kvart år gjev Radio Medico råd om behandling av rundt 1500 pasientar og støttar rundt 200 evakueringar. NSMDM har eit nært samarbeid med norske styresmakter, Forsvaret og sivile aktørar i næringa. Til stillinga ved NSMDM vil det kunna bli lagt oppgåver innan alle aktivitetsområde ved senteret, avhengig av søkjaren sine kvalifikasjonar.

Arbeidsoppgåver

Ved AMP: 

  • Overlege i arbeidsmedisin driv polikliniske utgreiingar og førebyggjande arbeid og vil vera rettleiar for LIS i arbeidsmedisin
  • Undervising og anna kunnskapsformidling og tverrfaglege forskingsprosjekt er og prioriterte oppgåver

Ved NSMDM: 

  • Rådgjeving og saksbehandling for Sjøfartsdirektoratet og Kystverket
  • Telemedisinsk vakt i Radio Medico
  • Undervising (norsk og engelsk, i inn- og utland)
  • Andre oppgåver, dersom det vert trong for det
  • Det er gode utsikter til personleg utvikling i stillinga
  • Etter kvart vil ein kunna leggje til rette for forsking
  • Ein må rekna med noko reiseaktivitet   

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i arbeidsmedisin

Ved vurdering av søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • Klinisk erfaring frå arbeidsmedisinsk institusjonsavdeling
  • Relevant spesialitet
  • Interesse for allmennmedisin og prehospital akuttmedisin
  • Erfaring frå arbeid i eller med petroleumsindustrien og/eller sjøfart
  • Erfaring frå undervising
  • Erfaring frå relevant forsking
  • Søkjar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det kan bli kravd at ein kan dokumentera kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • Om ein er personleg skikka til tenesta        

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for breidda i fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg i møte med pasientar, kollegaer og oppdragsgjevarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du formulerer deg godt skriftleg og har evna til å møte tidsfristar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande tilhøve
  • Kan delegere og følgja opp delegerte oppgåver   

Vi tilbyr

  • Lønn og pensjon i samsvar med gjeldande avtale mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod 
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Jens-Tore Granslo
Tittel: Seksjonsleiar, overlege i arbeidsmedisin
Telefon: 55973875
E-post: jens-tore.granslo@helse-bergen.no
Navn: Jon Magnus Haga
Tittel: Seksjonsleiar, lege
Telefon: 55973875
E-post: jon.magnus.haga@helse-bergen.no
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling
Haukelandsvegen 22
5021 Bergen