Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Vil du vere med å vidareutvikle ein travel og spanande akuttseksjon saman med andre spesialistar? Vi skal styrkje overlegedekninga ved vår allmennpsykiatriske døgnseksjon og vi håper derfor du vil nytte denne sjansen til å søkje på stillinga.

Allmennpsykiatrisk døgnseksjon ved Kronstad DPS har ei sentral rolle innan akuttbehandlinga i divisjon Psykisk helsevern i Helse Bergen. Seksjonen har 20 døgnplassar og gir tilbod om korte målretta opphald, både akutt og elektivt. Seksjonen tar imot pasientar frå kommunehelsetenesta, eige DPS og frå Psykiatrisk klinikk. Miljøpersonalgruppa består av erfarne og engasjerte kollegaer som er skolerte innan miljøterapi. Her er eit godt og stabilt arbeidsmiljø. Seksjonen er for tida bemanna med to overlegar, to psykologspesialistar, LIS og turnuskandidat. Vi ønskjer å utvide til 3 overlegar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, fastsetjing av diagnose og behandling av tilviste pasientar. Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar og personale i kommunehelsetenesta. Medisinsk og spesialistfagleg ansvar i døgnseksjon.

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Du må vere arbeidsam, ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til godt arbeidsmiljø. Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team. Engasjert og fleksibel med interesse for tverrfagleg tilnærming i pasientbehandlinga. Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga.

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø og gode kollegaer. Høgt fagleg nivå mellom dei tilsette. Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver. Anledning til å delta i vidareutvikling av Kronstad DPS.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Lars Onsrud
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 55956000
Navn: Marit Bjørheim
Tittel: Seksjonsoverlege, fagleg ansvarleg
Telefon: 55956000
Navn: Thomas Dale
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55956201
Arbeidssted
Helse Bergen
Regnskapsseksjonen , PB 1400
5021 BERGEN