Helseføretaket er Valen psykiatriske sjukehus og dei somatiske sjukehusa i Haugesund, Odda og Stord, og fire distriktspsykiatriske sentra; Folgefonn, Haugaland, Karmøy og Stord DPS. Det er nært samarbeid mellom sjukehusa og moglegheit for frivillig ambulering og rotasjon. Vi er godt dekka med spesialistar og greinspesialistar innan dei fleste område. Det er gode ordningar for at legane skal kunne auke og vedlikehalde kompetanse sin. Helse Fonna har nært samarbeid med universitetssjukehusa i Stavanger og Bergen. Haugesund sjukehus har utplasserte medisinarstudentar frå Universitetet i Bergen.
Forsking
Forskingskompetansen er i sterk auke, både gjennom utdanning og ved tilsettingar. Det fins moglegheiter for forskingsstipend, anten til delvis frikjøp av tid eller til forskingspermisjonar. Helseføretaket har òg oppretta enkelte deltidsstillingar som forskar for tilsette i klinisk hovudstilling. Dette er stillingar på doktorgrads- og postdoktornivå, som skal føre til auke i forskingsaktiviteten. Det fins aukande grad av rettleiarkompetanse og erfaring med å bygge nettverk til større forskingsmiljø.
Ein variert region å arbeide i
Våre 3200 tilsette gir spesialisthelsetenester til ei befolkning på 170 500 fordelt på 19 kommunar. Helse Fonna-regionen er mangfaldig og kan tilby det meste; eit eldorado for friluftsinteresserte, byliv, festivalar og god kommunikasjon innalands og til utlandet. Vi har gode ordningar for våre tilsette, som velferdslag og tenestebustadar ved alle våre sjukehus, og arbeider kontinuerlig med å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø og har fokus på HMS.
Helse Fonna i tall - 2010:
• 3200 tilsette
• Gir spesialisthelsetenester til ei befolkning på 170 500 fordelt på 19 kommunar
• Våre jordmødrer tok i mot over 2143 barn
• Somatiske tenester har 107 818 polikliniske konsultasjonar
• Klinikk for psykisk helsevern har 58 988 polikliniske konsultasjonar
• ... og hadde 48 571 liggedøgn
• 32 ambulansar kjørte 1 033 273 kilometer, tilsvarande 81 gonger rundt jorda
Mer informasjon om Helse Fonna